Vamp - Ikkje Prøv Igjen lyric

Ringtones Ringtone: Send Ikkje Prøv Igjen Ringtone to your Cell Phone!


Den fysste gongen eg såg deg, va eg ein unge mann,
eg glodde fælt, va heilt betatt, mitt hjerta sto i brann.
Men blikket ditt va kaldt og hardt og fylt av forakt,
og det svaret som du ga, gjor meg liden og forsagt,
du sa: ikkje prøv igjen,
du svarte med heile kroppen din: ikkje prøv igjen.

Den neste gong eg såg deg, det va i Zions sal,
eg glodde fælt va heilt betatt, eg trodde eg blei gal.
Men blikket ditt va kaldt og hardt og fylt av forakt,
og det du sa, det gjorde meg så liden og forsagt,
du sa: ikkje prøv igjen
du ga svar med heile kroppen din: ikkje prøv igjen.

Så gjekk det et år stilt forbi, så kom ein nye vår,
og Amor skjøyd ei pil, så du fekk et lide sår.
Og blikket ditt blei blankt og klart med møye varme i,
så sendte du et brev te meg med lit poesi
som sa: kom prøv igjen,
eg vil aldri, aldri glømma, du sa: kom prøv igjen.

Så fant eg fram en fyllepenn og litt brevpapir,
og skreiv et svar te deg om at seine glede svir,
for aldri vil eg glømma, men alltid vær på vakt,
eg kjenne ennå smerten av det som blei sagt,
du sa: ikkje prøv igjen,
eg vil aldri, aldri glømma, du sa: ikkje prøv igjen.

Kom, hørr her adle jenter, eg har et råd å gi:
Aldri tving ein unge mann på kne, det kan komma te å svi,
for hvis du bare overser og snur deg vekk fra han,
så ikkje kom og klag den dag du sårt sko trenga deg ein mann,
du sa: ikkje prøv igjen,
for alltid vil du angra, du sa: ikkje prøv igjen.

Ringtones Ringtone: Send Ikkje Prøv Igjen Ringtone to your Cell Phone!


Find free Vamp MP3s | Vamp Covers | Printer friendly version